Her i Noreg har vi ein ny sjukdom, den rammer så mange at vi i sanning kan kalle det for en folkesjukdom. Det hender menn får denne sjuka, men fortrinnsvis rammer den kvinna. Ikkje bare vaksne kvinner, det er kvinner i alle aldre som rammes, ikkje berre dei som dansar, gjeng i korte skjørt eller ligg med mange menn.Sida eg er kvinne vil eg snakke om valdtekne kvinner, så for menn snakke for seg sjølve. Dei hater jo å snakke om at dei har blitt utsett for slike ting likevel så eg vil la dei i fred. Dei færraste blir smitta av kvinner, den smittar enklast frå mann til kvinne. Orsaka til at dei fleste menna ikkje blir sjuke av denne folkesjukdommen er at dei bare er smittespredare og bærare.
Det finns ingenting som kan kurere denne sjukdommen, bare lindre symptoma og plagande samt forsøke avgrense skadane før dei blir for omfattande. Nokon kvinner orker ikkje leva med denne sjuka så dei tek livet av seg eller forsøker på det. Nokon blir redda og nokon døyr. Det er ikkje så godt å sei kor mange som tek livet sitt etter ei valdtekt fordi mørketala er så store. Det er ingenting som tydar på at dei fleste valdtekter skjer i mørke, det kallas mørketal fordi ikkje alle kvinner innrømmer å ha blitt valdtekne og derfor ikkje kontaktar hverkjen sjukehus, lege eller politi.
No er det jo litt rart at man blir oppfordra av helsevesenet og advokatar til å melde ein sjukdom til politiet, det er fordi det er ein straffbar sjukdom. Den er eigentlig straffbar for dei som bærer og smittar andre med den, men i virkeligheita så er det kvinna som blir straffa. Først blir ho sjuk, deretter blir ho straffa, og om ho er ei av dei «heldige» som får saka si etterforska og prova for retten. Dei fleste som får saka etterforska får ikkje saka si opp for retten fordi bevisa ikkje held.
Dei som berre er uheldige kan takke seg sjølve for at dei ikkje melde det før, skaffa prov, skreik høgt nok til at nokon kunne høyre dei slik at besmittelsen kunne vore unngådd. For å straffe desse «uheldige» kvinnene litt ekstra seier man ofte at dei berre lyg.
Virkeligheita er nemlig så stygg at det er betre vi lata som ho ikkje finns, der rett framfor nasen vår. Vi kjenner alle ei valdteken kvinne, det er derfor dei fleste menn ikkje voldtek. Nokre menn voldtek på tross av at dei kjenner valdtekne kvinner, det fleste menn voldtek kvinner dei kjenner. Overfallsvaldtekter er det nesten berre utlendingar som driv med, eg trur det er fordi dei ikkje kjenner så mange i Noreg.
Med andre ord kan man seie at valdtekt er ein «velgesjukdom», det er fordi det er sjukt mange kvinner og velga blant, og man kan ikkje ta dei alle.
Her i Noreg har vi ein Justisminister som heter Storberget. Det er ikkje fordi han er så stor ein mann, eg trur det er fordi han er så stor i kjeften, og ut av den renn det et berg med ord. Det er rett og slett overveldande mykje ord som renn ut av han, utan at man kan si at det hjelp en drit. Eller ei valdteken kvinne. Han ville spille på lag med sjuke kvinner og endra derfor lovverket så dei som valdtek skulle sitje lengre bak lås og slå.
Regjeringa nedsette eit valdtektsutval som kom med si innstilling 24 januar 2008. Bakgrunnen for dette var følgjande: I fjor ble mellom 15 til 20 voldtekter og voldtektsforsøk melde kvar uke, 904 anmeldelser totalt. Det er trulig store mørketal. I Danmark regner man med at bare en av fire voldtekter meldes. Antall meldelser og meldte saker som ender i fellande dom, er lav. Helsetjenestetilbudet til voldtatt varierer i kvalitet, innhald og organisering rundt om i landet. Undersøkingar viser blant anna at enkelte grupper sjeldan oppsøker hjelpeapparatet, at risikoen for voldtekt er særlig høy for tenåringar og øyker med bruk av rusmidlet. Mange helseplager kan også spores tilbake til traumatiske opplevingar knyttet til vold og overgrep.
Om mørketal vet vi ikkje så mykje, dei er som hylla inn i mørkret. Likevel vet vi at det på regjeringa si nettsie er anslått eit konservativt antal for der står skreve følgjande:Voldtektsutvalget meiner det er et konservativt anslag at mellom 8000 og16000 personar opplever voldtekt eller voldtektsforsøk kvart år. Virkeligheten kan være verre.Eg lika dårlig at regjeringa driv å nedsetter kommisjonar og utval fordi dei ikkje har betre grep om virkeligheita sjølve. At Storberget ikkje eige innsikt i folkesjukdommen valdtekt viser han ved å endre på lovverket, men ikkje på praksisen.
Han er jo ein gammal teatermann han Storberget, og det spørs om han ikkje skulle ha helde seg til styreverva sine hos Hedemark teater og Vinmonopolet A/S. For nå driv han berre med populistiske utspel i media, med andre ord spill han for det meste for galleriet så valdtekne kvinner skal like han og gje han ei stemme neste gong han treng det. Eg trur han kunne ha bidratt meir i rettsalen som dommar.
Regjeringa foreslår å heve straffnivået for drap, annen grov vold og seksuallovbrudd med umiddelbar virkning, seier justisminister Knut Storberget i ei pressemelding.
Han fekk gjennom lovendringa si, men det hindrar jo ikkje smitta frå å spreie seg rundt om i kongeriket. For eg veit meir. Eg veit at politi og justisdepartementet at sagt dette: Voldtekt er et av de mest traumatiserende overgrep et menneske kan utsettes for. Få saker meldes og under éin prosent av overgriperne blir domfelt. – Det er så mykje som ikkje stemmer her at eg blir heilt forvirra oppi hovudet mitt frå tid til anna. For det hjelper jo ingen valdtekne folk at dei som ikkje dømes gjeng fri. Det hjelper heller ingen valdtekne kvinner at strafferamma aukes, dei er jo alt smitta og veldig mange gjeng sjukmelde. Vart dei ikkje sjukmelde før dei fikk saka si opp i retten, så endrar det seg raskare enn lynet rekker slå ned, og rettssaka er avslutta.
Dei oppfordrer kvinna til å melde: Vi må få fleire til å melde. Fleire oppklarte saker og fleire domfellingar vil trulig føre til at fleire velger å melde. Og det er viktig. For det første fordi det bidrar til betre førebygging, i forhold til at potensielle overgripere ser at det har strafferettslige konsekvensar å begå voldtekt og dermed lar det være. For det andre fordi det vil forsterke de negative holdningane og fordømmelsen av voldtekt generelt i samfunnet.- Og da undras eg verkelig over i hvilke rekkjefølgje man skal ta opp kamper og krigar? Eg har lært at kvinner og barn skal skånast i krig og kamp. I praksis sendes dei inn i rettsalen, som kanonføde for regjeringa si politikk når dei held fana si heva høgt der oppe i skyene ein stad.
Er det slik at valdtekne kvinner kan valdtekes på nytt, av rettsapparatet i eit forsøk på å innføre strengare straffar? Skal man senke beviskrava i valdtektssakar eller skal man byrje å tru meir på kvinner enn på menn? For det er jo det som skjer i saker kor kvinna må sverje på sanninga før ho avgir vitnemål til retten og tiltalte kan ljuge av heile sitt hjarte. Bistandsadvokatar og dommarar pålegg vitna å si sanninga, men kom vis meg den forsvarsadvokaten som pålegg sin klient å gjere det same. Berre du seier sanninga så gjeng det bra liksom…. For kven gjeng det bra? Det er sjeldan for kvinna, det skal være sikkert.
Mange treng psykologisk hjelp etter at ei sak er avslutta i retten. Veldig mange treng meir hjelp når dei ser at det å si sanninga ikkje hjelpte ein drit, at det er lurt å ljuge, og medan dei ventar på at ankesaka skal opp for ein høgare rettsinnstans.
- Francois de Volitare har sagt: Meiningar har voldt fleir«e ulykker på vår lille jord enn pest og jordskjelv.»Det er trist at menneskje ikkje lytta meir til smarte menneskje, slik som han Francois.
Det heiter seg vidare at man skal «dømmast av likemenn».Om likemannsprinsippet seier regjeringa følgjande: Meddommarar og lagrettemedlemmer bør i så stor grad som mulig gjenspeile befolkninga, blant anna med omsyn til kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Kandidatar bør derfor trekkast frå folkeregisteret, konkluderer et utval som har vurdert reglene for og praksis ved val og uttaking av lekdommarar. Utvalet foreslår også at ansvaret for å vele overføres frå kommunane til fylkesmannen.Tyder det at i ein jury bør det være valdtektsmenn eller voldtekne kvinner representert? Kan alder spele nokon rolle? For i praksis så sit det ein gjeng pensjonistar i slike juryar og dei stemmer ofte mot ofre, altså kronisk sjuke valdtekne kvinner framfor folk dei ikkje kan tru noko så vondt om. Jo betre valdtektsmannen tek seg ut og vanskeligare er det å få han dømd. Det er nemlig slik at pene menneskje ikkje treng smitte nokon for å skaffe seg sex.
Kven vil dømes av ei bestemor? Ho som ikkje ein gong kan formatere sin eiga harddisk eller logge inn i nettbanken sjølve! Eg tilet meg å være rysta over Vinmonopolets tidlegare styremedlem, når han ikkje utvise betre skjønn enn å ofre voldtekne kvinner på rettsapparatets alter og med VG som si kyrkje.
Eg vil ha helseministeren inn på teppet så han kan få utreda Storberget fortare enn svint! Storberget har mista grepet fullstendig, ikkje berre er han dårleg informert om overvåkninga av Noregs innbyggjare, han har jo ikkje snøring på i hvilke enda han skal starte sitt eiga arbete! Når han tillet dommare og medlemmer av norsk rett å fortsette nøre oppunder Ola sine dårlege holdningar har han ikkje styring på undersåttane sine. Det er ingen som gjeng imot ein bror ifrå Frimurarlosjen, dette er allmennkunnskap, og eg treng ikkje nedsette hverken eit utval eller ein kommisjon for å gi nokon provet på det.
La oss si at 10 000 kvinner blir voldtekne kvart år. I løpet av ti år er talet oppe i 100 000. Da skjøna vi raskt at vi alle kjenner ei smitta kvinne.
Eg undrar over at vi ikkje er like bevisste på at vi alle kjenner ein smitteberar, og jobbar meir aktivt med folks holdningar til voldtekne kvinner og menn som sprer faenskapen sin.
Eg ynskjer meg ein mannskommisjon, beståande av menn som skal snakke med menn om voldtekt. Folk som voldtek gjer blanke i om dei må sitje inne i tre månader eller tre år, dei veit at jo fleir dei voldtek jo større er sjansane for å ende på vann og brød. Når kun ein prosent dømes så blir jo ikkje denne leiken anna enn eit spennande spel.
«Veia til helvete er brulagt med gode intensjonar». Så da undrar eg: Har du valdteke nokon i det siste?


http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/kampanjer/familia/familia-32006/diverse-saker/voldtektsutvalg-skal-kaste-lys-over-mork.html?id=537198
http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dep/justisminister_knut_storberget.html?id=1435
http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/aktuelt/taler_og_artikler/ministeren/justisminister_knut_storberget/2008/voldtekt–det-store-morketallet.html?id=498331
http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/Regjeringen-Bondevik-II/jd/Nyheter-og-pressemeldinger/2002/Dommes-av-likemenn.html?id=247707
http://www.nettavisen.no/nyheter/article2869896.ece
Tips oss hvis dette innlegget er upassende